mandag 5. mars 2012

Nye kjøkkenduppedingsar

Det er ei glede å meddele at vi med forsyningsbåten har fått følgande
-nytt toastjern
-nytt vaffeljern
-kaffimaskin

Diverre rakk vi ikkje å bestille kaffi til den nye maskina, men vi fekk med nokre prøvekapslar som fort vart brukt opp. No er det kun tre kapslar med koffeinfri kaffi att. Toastjernet var meget populært, og eg trur det snart vert vaflar til kaffien :)



Midt i gleden over alle dei nye duppedingsane oppstod ei midlertidig krise som trua freden og harmonien her på øya: Tv signalet var borte! Halve besetninga vart engasjert i feilsøking i opp til fleire timar, og det viste seg at ei rekke heldige (det kom snø) og uheldige (det vart mildt) omstendigheter hadde medført ei defekt antenne grunna snøskred. Men som det framgår av bilete over så er no også TVen operativ, og kriseevakuering avverga.



3 kommentarer:

Bea sa...

Gratulerer med nytt utstyr!! :)

Pamela sa...

Så kjekt å høyrer dåkke har det bra der oppe. Takk for mange flotte bilder og kos deg vidarer Marion :)

Marion Lexau Nødset sa...

Takk takk Peamela og Bea :) No ventar vi i spenning på meir kaffi...