fredag 30. desember 2011

Romjulstur

Lille nyttårsaften vart det ein tur til fots langs Brinken og videre til Nordpunktet. Føret var varierande med is, fin puddersnø og pakksnø.

 Oddmund og Linda poserer forran Miseryfjellet på veien innover.

Frå Nordpunktet såg vi månen komme opp over horisonten, og himmelen hadde eit svakt rødt dagslyspreg.


Aki stiller som vanleg opp for fotografen.

lørdag 24. desember 2011

Juleførebuing og feiring

Etter at meteorologikonsulenten tok initiativ til å teikne, konstruerte, bake og bygge pepperkakehus var alle damene med på å pynte. So vidt eg veit er dette det flottaste pepperkakehuset i Bjørnøya sin historie!



 Julafta vart tradisjonelt feira med julegraut i Hammerfesthuset og pinnekjøt til middag. Våre kokkar Eva og Margunn har i tillegg sørga for at vi har meir enn sju sortar julekake.



 Julenissen tok sjølvsagt ein tur innom. 

tirsdag 20. desember 2011

Mørketid

Torsdag går vi mot lysare tider. Men sjølv no på den mørkaste årstida ser vi antydning til dagslys her på Bjørnøya. I dag nytta vi dei lysaste timane til å gå ein skitur til Tunheim. Her finn ein ei av hyttene på øya.

Vi gikk via Midtpunktet på veg inn til hytta. Her er Aki forran Miseryfjella.

Hytta ved Tunheim.

Utpå kvelden vart det klarvér, og frå statsjonen fekk vi sjå eit vakkert nordlys.

mandag 12. desember 2011

lørdag 3. desember 2011