onsdag 25. januar 2012

Skutilen og Alfredfjellet

Så vart det ein ny tur innover til Røyvasshytta denne dagen og. Her hadde vi ei lita lunsjpause på veg til Skutilen. Etter å ha gått over Røyevatnet var det endeleg mogleg å få litt fjellfølelse. Å komme opp 100 høgdemeter her på Bjørnøya betyr i mange tilfelle at ein har utsyn over størsteparten av øya. Sjølv om ingen av toppane her er imponerande høge får landskapet eit høgfjellspreg. Etter å ha gått ca 14 kilometer var vi framme ved Skutilen. Ikkje langt frå hytta ligg Ellasjøen, som om sommaren er ein samlingsplass for krykkja. I ei steinur hekkar det i tillegg alkekonge, men no på denne årstida er det berre ein og anna havhest som tek turen over området.

Vi har sett mykje nordlys denne sesongen, og denne kvelden var ikkje noko unntak. Her er Tassen med Alfredfjellet i bakgrunnen.

Dagen etter gikk turen videre til Alfredfjellet. På sørvestsida av fjellryggen er det ein koloni med havhest.  Videre mot sør ligg Hambergfjellet og Fuglefjellet der det til våren vil samlast store mengder fugl.

Frå toppen av Alfredjellet med utsyn mot Misery. Tassen er mest opptatt av om ikkje det er noko mat i nærleiken.
 Nord for Alfredfjellet er det for det meste flatt landskap og ein kan sjå både Skutilen og stasjonen.

mandag 23. januar 2012

Over isen til Røyvasshytta

Røyvasshytta har vore eit populært turmål i vinter. Frå stasjonen er det 8 kilometer hit, og no kan ein gå store delar av turen på is. Denne dagen gikk ruta over Hausvatnet, austre Sundvatn og Øyangen. Det er førebels lite snø, så vi går til fots.

Framme ved hytta fyrte vi i ovnen og spiste lunsj, før vi returnerte same vegen til stasjonen.

Aki på glattisen.

lørdag 21. januar 2012

Mjogsjøen

Så fikk vi mildvér her på øya, nesten all snøen har smelta vekk. No er minusgradene på plass att, og broddane er teke i bruk. I går var en gjeng på tur til Røyvass. Enkelte plassar var det problem med med overvatn på isen. I dag tok vi turen til Mjogsjøen, og et ekstra døgn med minusgrader gjorde til at vi kunne gå tørrskodd heilt fram :)

Inne på øya, mellom stasjonen og Mjogsjø, kan ein sjå restar etter forsøk på gruvedrift.
Mjogsjø ligg 7,2 km sørover frå stasjonen. Her var det tidlegare ei hytte, men no er det berre plankar og ein vedomn att.

torsdag 19. januar 2012

Livet på stasjonen

Her er litt bilete frå kvardagen ved stasjonen. I overlappen i desember var det til tider folksomt på stasjonene. Met. fullmektig Oddmund fører vaktjournal, helikopter var tilstede for å få besetning og varer videre til Hopen.

Matthias er klar for å forlate Bjørnøya for å ta til som Met. fullmektig på Hopen.

Helikopteret er kome på plass i hangaren. Med to Bjørnøyabesetninger, en Hopenbesetning og mannskap på helikopteret var vi denne dagen totalt 25 mennesker på stasjonen.

Etter ei stund med kuling frå nord, var sikten frå stova blitt kraftig redusert. Stasjonssjefen og sondeleder vasker vindauga på nordsida av hovedbygningen.

Nokre dagar fristar det rett å slett ikkje å legge ut på tur, Aki skjønar at utskiktene for utflukt er heler dårleg. 

fredag 13. januar 2012

Hyttetur til Kapp Levin

På kvelden 12. januar tok vi turen til Kapp Levin på ski. Her overnatta vi i ei av hyttene på øya, flott plassert ved Miseryfjellet.

Kunne godt hatt litt meir snø, men på vatna og mellom steinurene er det bra skiføre. På veg over Lygna var det ei flott stemning med både nordlys og ein nesten full måne som dukka opp over horisonten.

Den gamle hytta ved Kapp Levin vert nytta som uthus. Denne står rett ved sida av nyehytta. Trygve, Ragnar, Tassen og Aki er klar for retur til stasjonen.

søndag 8. januar 2012

Årets første overnattingstur

Med klarver og nesten fullmåne ligg alt til rette for ein overnattingstur på ei av hyttene i nærleiken. Turfølget på seks la i veg etter vaktskifte klokka sju på kvelden mot Tunheim. Etter nokre kilometer vart det retur for to som framleis er på vakt, medan dei andre gikk videre over Laksevatn i eit svakt nordlys og kraftig måneskinn.

lørdag 7. januar 2012

Teltvika

Dei siste dagane har det blåst kuling her på Bjørnøya, men i dag var det litt rolegare vindforhold. 7,9 km sørvest for stasjonen ligg Teltvika, og hit dro vi på skitur. På veg til hytta hadde vi vinden i ryggen og slapp nesten å stake på is og skareføre. Det er ikkje så mykje snø her, så i ura vart det litt "labbing".

Hytta ligg på brinken, og stranda nedforbi er flott. Eg såg ein einsleg havhest i nærleiken av hytta på turen, men til våren vil det vere mange fuglar i området. Her er og ein av plassane det er mogleg å komme til med båt.

Ragnar og Trygve er klar for retur til stasjonen.