lørdag 31. mars 2012

Medlem nummer 3000 i Bjørnøya Nakenbadeforening

Så fekk vi besøk igjen. Denne gongen av KV Sortland, og det vart ilandføring av gods (sondeballonger) og gjester. Gjestane våre vil gjerne ta seg i eit bad, før dei kommer innom stasjonen for eit besøk i velferden og ein liten prat i stova med kaffi og kake. Så blir det tid til litt omvisning på stasjonen for dei som ønskjer det.

Dette vart eit spesielt badebesøk, då vi i følge protokollen nærmar oss medlem nummer 3000 i Bjørnøya Nakenbadeforening. Siste bader blandt dei besøkade for KV Sortland fekk dermed æren av å verte medlem 3000!


Eli Anne overrekker diplom til medlem 3000, LT Sande.

mandag 5. mars 2012

Nye kjøkkenduppedingsar

Det er ei glede å meddele at vi med forsyningsbåten har fått følgande
-nytt toastjern
-nytt vaffeljern
-kaffimaskin

Diverre rakk vi ikkje å bestille kaffi til den nye maskina, men vi fekk med nokre prøvekapslar som fort vart brukt opp. No er det kun tre kapslar med koffeinfri kaffi att. Toastjernet var meget populært, og eg trur det snart vert vaflar til kaffien :)



Midt i gleden over alle dei nye duppedingsane oppstod ei midlertidig krise som trua freden og harmonien her på øya: Tv signalet var borte! Halve besetninga vart engasjert i feilsøking i opp til fleire timar, og det viste seg at ei rekke heldige (det kom snø) og uheldige (det vart mildt) omstendigheter hadde medført ei defekt antenne grunna snøskred. Men som det framgår av bilete over så er no også TVen operativ, og kriseevakuering avverga.



søndag 4. mars 2012

Forsyningsbåt

UHT melka rakk berre så vidt å komme på frukostbordet mellom forsyningsbåtane denne gongen. Kystvakten duppa i havet utanfor stasjonen i morgontimane og klokka ni var det klart for ilandføring av forsyningar og post.  Kystvaktgutta hadde til og med heilt ferske aviser med til oss!



Og vår postsekk er på veg til fastlandet. Det kan ta litt tid, men posten kjem fram til slutt :)

lørdag 3. mars 2012

60- års jubilant!

Det er mykje som skal markerast i løpet av eit halvår på Bjørnøya. Vår meteorologifullmektig Oddmund fylte 60 år 1. mars. Då var det flaggheising, kake til kaffien og torsk til middag. Men sjølve feiringa av dagen skjedde i helga, med tre retters middag og kake etterpå. Det vart ei triveleg feiring her på stasjonen, og enno gjenstår to runde dagar blandt vår besetning!

torsdag 1. mars 2012

Russehamna og sørkysten

29. februar la vi i vei mot Russehamna på eit flott skiføre. I starten var det litt bygeaktivitet, men eit stykke inne på øya fekk vi god sikt og oppholdsvér.

Aki slapper av med fjellutsikt. 

Ragnar kaller opp stasjonen. I bakgrunnen Miseryfjella med Skrekkjuvet til høgre.

Når vi kom fram til Russehama var det framleis nokre timar att med dagslys, så vi gjekk videre forbi Sørhamna og snudde i Revdalen. 


Hytta i Redalen med mektig natur.

Tilbake i Russehamna fekk vi sjå eit flott nordlys i sør.

Aki er klar for heimturen i nydelg vér :)

To personer har no besøkt alle punka som skal til for å tittelere seg som kjentmann på Bjørnøya, medan det for tre andre kun gjenstår eitt hyttebesøk.