mandag 23. april 2012

Sondesupport for Andøya Rocket Range

Her på stasjonen har vi bistått Andøya Rocket Range med å sende opp radiosonde i forbindelse med ei rakettoppskyting. I forbindelse med oppskytinga skal det hentast inn atmosfæriske data frå havnivå og opp til 35 000 meter. Sonder vart sendt frå Bjørnøya, Jan Mayen og Andøya. Til vanlege sondeslepp nyttar vi ballongar på 350 gram. I denne forbindelsen har vi sendt opp ballonger på 1200 gram for å vere sikker på at sonden går høgt nok. Sonden vår sendte data inntil den nådde ei høgde på ca 37 000 meter.