Då fekk vi endeleg besøk av kystvakten som kom med nye forsyninger og post. Det er stas å få ferske matvarer, og gleden var stor over forsendelsen med fersk skrei, lever og rogn. Oddmund og Henning tok ansvaret for råvarene, og søndagsmenyen vert sjølvsagt mølje.
Noko av skreien er no hengt opp, slik at også boknafisk kan nytast her på stasjonen.
Dei fleste av oss hadde gitt opp håpet om å sjå forsyningsbåten denne dagen, og Linda, Eva og underteikna hadde lagt ut på tur til Kapp Levin.
Framme ved hytta fekk vi melding om at båten var på veg, og vi tok til på turen heim medan kystvakta segla forbi oss. Lossinga gjekk fort, og kystvakten var allereie på veg vidare når vi nådde stasjonen.
I dag er også første dagen der sola tittar over horisonten. Berre øvre rand er synleg, og vi har ikkje sikt mot havet i sør. Sola var dermed ikkje synleg frå stasjonsområdet, men ettersom dette samanfallar med helg og laurdagskveld vart solfesten markert denne dagen med skaldyr, ost og kjeks.
lørdag 4. februar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
:D
Ser ut til at dere fikk ordentlig fersk fisk, gitt! Ikke som den vi fikk som lukta veeeeeldig spesielt midt i ei palle tørrvarer. Den hadde fått seg et ganske langt cruise rundt i Barentshavet forrige vinter. Bare spør Henning om det lukta godt! :-) Ser ut til at dere har det fint på Bjørnøya i vinter og at det er en ganske aktiv turgjeng?! Flotte greier. Det rykker selvfølgelig i ishavsnerven! Hilsen Lise, som var der forrige vinter! :-)
Hei Lise
Takk for komentar! Det skal nok rykke litt i ishavsnerven når du leser bloggen ;) Henning satte stor pris på fersk fisk ja! Noko av skreien har Henning og Oddmund laga boknafisk av, så vi får nok snart smake på det også. Ellers er vi ein aktiv turgjeng, treng fleire skistavar.No har vi fått skiføre att, og ser no at det snør ute igjen :)
Legg inn en kommentar