søndag 12. februar 2012

Måling av sjøtemperatur

Kvar time vert det sendt synops frå Bjørnøya. Denne består av både visuelle observasjonar og målingar av blandt anna temperatur, vindstyrke og vindretning. Det meste av målingar som ikkje er visuelle vert sendt automatisk. På 12-synopsen skal sjøtemperatur vere med. Vi har ingen fastmontert målar som gir oss denne informasjonen, så kvar dag er vi nede i hamna og målar sjøtemperaturen slik at denne kan leggast inn i synopsen.

Dei siste dagane har vi endeleg fått litt snø. Men med kuling og fokk så vert snøen litt skeivfordelt, og gir ekstra ufordringar på turar til og frå hamna.
Men vi, både hundar og folk, kom oss heim att også denne dagen :)

Ingen kommentarer: