Viser innlegg med etiketten skrei. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skrei. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2012

Besøk av forsyningsbåt

Då fekk vi endeleg besøk av kystvakten som kom med nye forsyninger og post. Det er stas å få ferske matvarer, og gleden var stor over forsendelsen med fersk skrei, lever og rogn. Oddmund og Henning tok ansvaret for råvarene, og søndagsmenyen vert sjølvsagt mølje.

Noko av skreien er no hengt opp, slik at også boknafisk kan nytast her på stasjonen.

Dei fleste av oss hadde gitt opp håpet om å sjå forsyningsbåten denne dagen, og Linda, Eva og underteikna hadde lagt ut på tur til Kapp Levin.

Framme ved hytta fekk vi melding om at båten var på veg, og vi tok til på turen heim medan kystvakta segla forbi oss. Lossinga gjekk fort, og kystvakten var allereie på veg vidare når vi nådde stasjonen.

I dag er også første dagen der sola tittar over horisonten. Berre øvre rand er synleg, og vi har ikkje sikt mot havet i sør. Sola var dermed ikkje synleg frå stasjonsområdet, men ettersom dette samanfallar med helg og laurdagskveld vart solfesten markert denne dagen med skaldyr, ost og kjeks.