onsdag 25. januar 2012

Skutilen og Alfredfjellet

Så vart det ein ny tur innover til Røyvasshytta denne dagen og. Her hadde vi ei lita lunsjpause på veg til Skutilen. Etter å ha gått over Røyevatnet var det endeleg mogleg å få litt fjellfølelse. Å komme opp 100 høgdemeter her på Bjørnøya betyr i mange tilfelle at ein har utsyn over størsteparten av øya. Sjølv om ingen av toppane her er imponerande høge får landskapet eit høgfjellspreg. Etter å ha gått ca 14 kilometer var vi framme ved Skutilen. Ikkje langt frå hytta ligg Ellasjøen, som om sommaren er ein samlingsplass for krykkja. I ei steinur hekkar det i tillegg alkekonge, men no på denne årstida er det berre ein og anna havhest som tek turen over området.

Vi har sett mykje nordlys denne sesongen, og denne kvelden var ikkje noko unntak. Her er Tassen med Alfredfjellet i bakgrunnen.

Dagen etter gikk turen videre til Alfredfjellet. På sørvestsida av fjellryggen er det ein koloni med havhest.  Videre mot sør ligg Hambergfjellet og Fuglefjellet der det til våren vil samlast store mengder fugl.

Frå toppen av Alfredjellet med utsyn mot Misery. Tassen er mest opptatt av om ikkje det er noko mat i nærleiken.
 Nord for Alfredfjellet er det for det meste flatt landskap og ein kan sjå både Skutilen og stasjonen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flotte bilde, Marion! Eg kan meddele at Blomlia har gode forhold, og at eg lagde solbollar i går for å hjelpe dykk å feire soldagen :)

Marion Lexau Nødset sa...

Så flott! Kjekt at og andre veit å feire at sola kjem attende her på Bjørnøya :) Kan informere om at sola var observert av enkelte på stasjonen i går mellom kl 12.10 og 12.30 ein gong. Eg har enno tilgode å sjå denne saken i år (glede seg).