På kvelden 12. januar tok vi turen til Kapp Levin på ski. Her overnatta vi i ei av hyttene på øya, flott plassert ved Miseryfjellet.
Kunne godt hatt litt meir snø, men på vatna og mellom steinurene er det bra skiføre. På veg over Lygna var det ei flott stemning med både nordlys og ein nesten full måne som dukka opp over horisonten.
Den gamle hytta ved Kapp Levin vert nytta som uthus. Denne står rett ved sida av nyehytta. Trygve, Ragnar, Tassen og Aki er klar for retur til stasjonen.
fredag 13. januar 2012
søndag 8. januar 2012
Årets første overnattingstur
Med klarver og nesten fullmåne ligg alt til rette for ein overnattingstur på ei av hyttene i nærleiken. Turfølget på seks la i veg etter vaktskifte klokka sju på kvelden mot Tunheim. Etter nokre kilometer vart det retur for to som framleis er på vakt, medan dei andre gikk videre over Laksevatn i eit svakt nordlys og kraftig måneskinn.
lørdag 7. januar 2012
Teltvika
Dei siste dagane har det blåst kuling her på Bjørnøya, men i dag var det litt rolegare vindforhold. 7,9 km sørvest for stasjonen ligg Teltvika, og hit dro vi på skitur. På veg til hytta hadde vi vinden i ryggen og slapp nesten å stake på is og skareføre. Det er ikkje så mykje snø her, så i ura vart det litt "labbing".
Hytta ligg på brinken, og stranda nedforbi er flott. Eg såg ein einsleg havhest i nærleiken av hytta på turen, men til våren vil det vere mange fuglar i området. Her er og ein av plassane det er mogleg å komme til med båt.
Ragnar og Trygve er klar for retur til stasjonen.

fredag 30. desember 2011
Romjulstur
Lille nyttårsaften vart det ein tur til fots langs Brinken og videre til Nordpunktet. Føret var varierande med is, fin puddersnø og pakksnø.
Oddmund og Linda poserer forran Miseryfjellet på veien innover.
Frå Nordpunktet såg vi månen komme opp over horisonten, og himmelen hadde eit svakt rødt dagslyspreg.
Oddmund og Linda poserer forran Miseryfjellet på veien innover.
Frå Nordpunktet såg vi månen komme opp over horisonten, og himmelen hadde eit svakt rødt dagslyspreg.
Aki stiller som vanleg opp for fotografen.
lørdag 24. desember 2011
Juleførebuing og feiring
Etter at meteorologikonsulenten tok initiativ til å teikne, konstruerte, bake og bygge pepperkakehus var alle damene med på å pynte. So vidt eg veit er dette det flottaste pepperkakehuset i Bjørnøya sin historie!
Julafta vart tradisjonelt feira med julegraut i Hammerfesthuset og pinnekjøt til middag. Våre kokkar Eva og Margunn har i tillegg sørga for at vi har meir enn sju sortar julekake.
Julenissen tok sjølvsagt ein tur innom.

tirsdag 20. desember 2011
Mørketid
Torsdag går vi mot lysare tider. Men sjølv no på den mørkaste årstida ser vi antydning til dagslys her på Bjørnøya. I dag nytta vi dei lysaste timane til å gå ein skitur til Tunheim. Her finn ein ei av hyttene på øya.
Vi gikk via Midtpunktet på veg inn til hytta. Her er Aki forran Miseryfjella.
Hytta ved Tunheim.
Utpå kvelden vart det klarvér, og frå statsjonen fekk vi sjå eit vakkert nordlys.
mandag 12. desember 2011
fredag 9. desember 2011
søndag 4. desember 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)